UNGFOLK OG FOLKEMUSIKK FORDJUPING
Tilbod til unge utøvarar innan folkemusikk og folkedans i regionen.
UNGFOLK
UngFolk er eit kurs som går over to til fire dagar tre gonger i året. Telemark folkemusikklag arrangerer UngFolk sommarskule i august kvart år. I tillegg arrangerer folkemusikklaget i samarbeid med lokale arrangørlag UngFolk vårkurs og haustkurs i høvesvis mai og sepember/oktober kvart år. Her går kurset på rundgang mellom medlemslaga i folkemusikklaget.
Klikk her for meir informasjon og påmelding.
FOLKEMUSIKK FORDJUPING
I samarbeid med Midt-Telemark kulturskole koordinerer Sørnorsk folkemusikksenter i dag eit felleskommunalt fordjupingsprogram i folkemusikk; hardingfele, kveding, munnharpe og dans.
Ungdom som er 13 år og eldre kan søke om å få delta på folkemusikk og/eller folkedans fordjuping. Dette gjeld uansett kva for kommune du bor i. Folkemusikk fordjuping har deltakande ungdom frå Midt-Telemark, Tinn, Notodden, Hjartdal, Seljord, Sandefjord og Vinje. Opptakskravet er god motivasjon, stor interesse, samt ein anbefaling frå læremeister.
Tilbodet inneber samlinger - anten på laurdagar eller sundager. 3-4 samlinger per semester og deltaking som artistar på Telemarkfestivalen. Datoer for høsten 2020 er 11. og 12. september, 31. oktober og 13. og 14.november.
Musikkundervininga består av undervining i små grupper mellom kl 10.00-15.00. Det er ein teoribolk knytt til kvar samling.
Lærarar, hardingfele: Johanne Flottorp, Lars-Ingar Meyer Fjeld, Lars Erik Øygaarden
Lærar, munnharpe: Simen Iversen
Lærar, kveding: Ingebjørg L. Reinholdt
Danseundervisinga foregår i gruppe mellom kl 15.00-18.00. Det er ulike lærarar innom kvar samling.
Det er mogleg å delta på musikkprogrammet, folkedansprogrammet, eller begge deler.
ME TAKKAR!
Desse har støtta UngFolk og Folkemusikk fordjuping!
Vestfold og Telemark fylkeskommune
Midt-Telemark kommune
Vaksenopplæringa
FriFond
KOMP